Modellkraftverket Tysso III har som mål å auke kunnskapen spesielt blant barn og unge om vasskrafta som energikjelde og bygging og drift av eit kraftanlegg. Dette skal skje gjennom praktisk arbeid og eksperimentering i nær kontakt med rennande vatn.
Vasskraft – kraft i kvar dråpe er eit heilskapleg undervisningsopplegg i tilknyting til «miniputtkraftverket»* Tysso III. Opplegget er retta mot 7. trinn, og basert på at ein bruker tre skuletimar på museet.
Dagen byrjar med at vi ser kraftskulen, tre korte filmar om energi. Stikkorda for filmane er effekt, energi og elektrisitet.
Deretter går vi bort i Tysso I og snakkar om produksjon av straum i stor målestokk med utgangspunkt i turbinane og generatorane i maskinhallen. Stikkorda her er mellom anna magnetisme, vekselstraum og elektriske leiarar.
Til slutt demonstrerer vi korleis krafta i vatnet kan temmast ved å leggje bekken i rør, og korleis dette aukar effekten av energimengda som finst i bekken. Vatnet blir leia både ut i eit vasshjul og på ein generator som leverer straum til eit batteri og ein lysdiode.
_____ * Viss ein skal vere heilt presis, og nytte den terminologien som er vanleg for små kraftverk i Noreg, så er Tysso III eigentleg eit mikrokraftverk, sidan det har ein effekt på under 100 kW. Men effekten – langt under 1 kW – er mykje mindre enn for dei fleste andre mikrokraftverk.