NVIM takkar for tilbakemeldingar vedkomande Trollmjøl til samlingane.
Gjødnings- og ugrasmiddelet Trollmjøl vart laga på Odda Smelteverk frå 1959 til 1975. Tidlegare produserte smelteverket dette kalkkvelstoffet under andre namn. Cyanamidfabrikken i Odda var i 1913 den største i verda. I alt 14 land dreiv cyanamidproduksjon før første verdskrigen.
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) driv forsking rundt cyanamid- og gjødselproduksjon i historisk perspektiv. Vi er difor takksame for at bønder både i nærområdet og langvegsfrå har meldt inn restlager av Trollmjøl. Vi har fått tilbod om ein 10 kg plastsekk, ei tønne og ein papirsekk. Dette blir no følgt opp for innhenting.
Vil du lesa meir om trollmjøl- og smelteverkshistorie kan du søke på trollmjøl og finna artikkelen Cyanamidproduksjon i Odda 1908-1935 av forsker dr.oecon Elisabeth Bjørsvik ved NVIM.
Illustrasjonen viser morro-fana etter Odda mannskor. Trollet har fått på seg songarlue og er ute og fangar songarkryp. Mange av medlemene i mannskoret var tilsette på smelteverket. Fana har vi i NVIM sine samlingar.
Skulle nokon fleire ha Trollmjøl frå Odda Smelteverk ståande, kan ein ta kontakt med Brita Jordal brita@nvim.no eller 53 65 00 59 / 90 13 99 84. Andre gamle gjødselsekker med logo eller stempel frå smelteverket er også av interesse for museet.