Frå hjørnestein til gravstein - Odda Smelteverk 1906 - 2003. DVD
Filmen har fått den treffande undertittelen "bedrifta som bygde eit samfunn". Smelteverket og Odda-samfunnet har i store trekk hatt eit tett forhold til kvarandre.
Produsent: Arvid Aga. Speletid: 58:30 min. Kr 200,- + evt porto.
Odda Smelteverk er på mange måtar sjølve ikonet for Odda. Utbyggingane som starta i 1906 endra Odda sin karakter frå å vera ei roleg jordbruksbygd med veksande turisme om sommaren til å bli eit hektisk industrisamfunn med rundskiftsarbeid heile året, internasjonal handel og skiftande konjunkturar tett på.
Odda Smelteverk sin skjebne var i røynda avgjort den 27. februar 2003. Før det hadde mykje skjedd og det er ei gripande og til tider dramatisk historie. Filmen er på heile 58 minutt og 30 sekund.
Teksten er utarbeidd av Arvid Aga. Kommentarane blir lesne av Oddmund Eitrheim. Filmen inneheld eit rikhaldig foto-, film- og illustrasjonsmateriale. Arvid Aga har gjennom mange år samla eit stort foto- og filmmateriale. Mykje er også henta frå NVIM sine samlingar eller i samarbeid med museet. For å få fram detaljar, har Aga lagt farge på dei gamle svart-kvitt-fotografia.