Cyanamidsiloen er 22 m høg og eit ruvande monument i Odda sentrum. Den står fritt på brinken ned mot Tyssedalsvegen. Idag framstår den som jamnt grå, men var eit ljost, flott bygg då det vart reist i 1907. Fotoet viser bygget ca 1910. Cyanamidsiloen er bygd i armert betong og tegl, veggane er 1 meter tjukke. Dei berande elementa i konstruksjonen var opprinneleg ljose, mens innfyllingane var mørke.
Siloen var i bruk til lagring av cyanamid frå Cyanamiden (North Western Cyanamide Company Ltd.) starta produksjonen i 1908 og heilt til 2003. Siloen er difor eit viktig element for å vise kontinuerleg industrihistorie i Noreg.