I AS Tyssefaldene sitt arkiv ligg denne konsesjonssøknaden om kontinuerleg levering av strøm til karbidfabrikken i Odda
Det var Sam Eyde som skipa AS Tyssefaldene i 1906, men det var utanlandsk storkapital som stod bak: Basen til Eyde var den såkalla Eydegruppa, der mellom andre den svenske bankieren Marcus Wallenberg utgjorde kjernen, i tillegg til Eyde sjølv.
Eydegruppa hadde alt før Tyssefaldene vart skipa inngått avtale med det britiske selskapet The Sun Gas Co. Ltd. om årleg kraftleveranse på 18 000 hk over ein periode på 30 år. Britane ville reisa eit fabrikkanlegg for å produsera karbid og cyanamid i Odda, seks kilometer frå den nye kraftstasjonen.
Det er NVIM som forvaltar AS Tyssefaldene sitt arkiv.