Jakob Mannsåker var åtte år då trikken på smelteverket køyrde første turen. Frå skulestova hadde dei orkesterplass. Skulen låg den gong der brannstasjonen er idag. Les kva Jakob Mannsåker fortel i minne frå barndomen.
”Det som vekte mest åtgaum dette skuleåret (hausten 1907), var då den nye køyregreia dei kalla elektrisk ”trikk” gjorde sin entré. Då var det i klasserom 3 reine ”revolusjonen” som snart breidde seg til dei andre skuleromma. Den nye køyregreia kom til syne for oss om lag der carbidpakkhuset i dag står, og skubba fyre seg 6 hjuldoningar som var lasta med murstein og sand.
Ein del av kaianlegg kunne no ta mot litt av det importerte. Sand var der ganskje bra om, so importen av denne vara var liten. Frå eigen kai kunne dei no med trikken få importvarene rett fram til arbeidsplassen. Denne sendinga var prøveturen, det var med andre ord ”jomfruturen” me var so heldige å få væra med på. Detta var sensasjon for ein flokk forvitne skuleungar som i si reine uvitenskap ikkje forstod det ”spikk” av det som vart openbera oss. Det som mest undra, var at trikken og køyregreiene han skubba fyre seg, kunne halda seg på dei lange skjenene utan å ramla av. Det vart ei gåte lenge.”
Utdrag frå Jakob Mannsåker si forteljing i boka ”Dei finaste band – vår historie om Odda”. Boka som er utgitt av NVIM, tidlegare Odda Industristadmuseum i 1989, inneheld mange personar sine levande forteljingar og er til sals i museet og Hagen bokhandel i Odda.
Du kan og sjå eit flott bilete som fotograf Anders Beer Wilse tok i 1907 av den første trikken. I bakgrunnen første lagerbygningen. Biletet er tilgjengeleg på GalleriNor.