Frå 1907 til 1986 rulla det små tog med sporvidde 750 mm på området til Odda Smelteverk. Dei første åra gjekk det spor over alt og nær sagt inn i alle bygningar. Først var det elektriske ”trikkar” som trafikkerte spora. Dei siste åra var berre hovudsporet ned til kaia i bruk, og to Levahn diesellok utgjorde trekkrafta for vognene med
karbid.
Les meir i artikkelen Soga om jernbanen i Odda (pdf-fil, 961 kB). Forfattar: Per Ivar Tautra Publisert: På Sporet nr. 129 (2006)