I jobbetida under 1. verdskrigen blei det i Noreg bygd ei heil rekkje store motorcruisarar. Båtane var bygde etter utanlandske førebilete og hadde ein standard som vekte merksemd i ei tid der ein lystbåt i seg sjølv var eit særsyn. Tysso, som her skal presenterast, blei bygd som lystfartøy i 1917 men fekk snart ei ny rolle i industrien si teneste.
Staselege M/Y Tysso er på Riksantikvaren si liste over verna farty.
Amerikanske impulsar
Ole Oma som bygde Tysso var ikkje ukjent med motoryachts. Fødd og oppvaksen på Oma i Strandebarm var nok båtbygging eit aktuelt yrkesval, og som ung mann reiste han austover til eit båtbyggeri på Tronvik ved Moss for å læra seg faget. Deretter gjekk reisa til USA der han fekk arbeid ved jernbanen gjennom broren som var etablert i det nye landet. På fritida bygde han ein seglbåt og med denne reiste han til Duluth, Minnesota for å søkja arbeid ved eit stort yachtverft. Tidene var dårlege og sjefen ville i utgangspunktet ikkje ta han inn. Då han fekk sjå båten Ole hadde bygd stilte saka seg annleis: ”Du kan byrja i morgon”, var beskjeden no. Ole arbeidde ved verksemda i to år inntil alt brann ned og han måtte søkja lukka andre stader. Han enda opp i Seattle der han hadde eit par kortvarige jobbar før han bestemte seg for å starta eiga verksemd. Ved”Oma boat Co.” blei det bygd lystbåtar, mindre fiskebåtar og transportbåtar for styresmaktene, men Ole dreiv ikkje båtbyggeriet meir enn 4-5 år før han selde og vende heim til Strandebarm. Planen var å kjøpa ei strandtomt i heimbygda, men det vanskeleg å få tak i grunn og då han fekk råd om å etablera seg på Stord i staden, slo han til og kjøpte seg tomt på Hystad der han starta båtbyggeri i 1909. Med erfaring frå Amerika var han kanskje meir open for nyvinningar enn dei kollegane som ikkje hadde vore ute i verda, i alle fall fekk han installert straum som dreiv elektriske sag og høvel så tidleg som i 1912. Under opphaldet i Amerika hadde han lært seg konstruksjon med utgangspunkt i halvmodellar, her hadde han også lært seg å byggja med svøydde spant. Denne metoden inneber at spanta blir varma og bøygde i fasong, dette i motsetnad til bygging med grodde spant som har vore det vanlege her i landet (sjå eigen artikkel).
Lystbåtar var Ole Oma sin spesialitet, men etterspurnaden var avgrensa og han måtte ta dei oppdraga han fekk. Også fortenesta var liten, slik at han måtte tæra på kapitalen han hadde med seg frå USA så lenge den varte. Då han i 1917 fekk tinging på ein 58 fots cruiser var det såleis eit særs kjærkome oppdrag. Prisen var avtalt til kr. 4000,- , i tillegg kom kostnadane til beslag. Tingar var den danske konsulen i Bergen, Christian Magnus Kjær, som ville ha ein lystbåt som folk la merke til. Ole konstruerte båten etter eigen modell og sette i gang bygginga. Medan arbeidet pågjekk kom Kjær til Stord for å inspisera. Det heiter seg at då Ole fekk sjå den voluminøse konsulen, gav han beskjed til ein av arbeidsfolka sine om umiddelbart å forsterka stigen slik at inspeksjonen ikkje skulle enda i ei ulukke.
Skyssbåt med stil
Kjær skal ha vore nøgd med den nye båten, særleg skal han ha nytt sjølivet når han kunne sitja akterut med ein tend sigar og Caruso på grammofonen. Likevel selde han båten etter nokre år, kjøpar var Glomfjord Smelteverk i Nordland som no var under etablering. For å stetta dei nye eigarane sine krav blei styrehuset på Tysso forlenga til den fasongen det har i dag. Dette vart gjort anten i Bergen eller nordpå og er det einaste arbeidet på båten som ikkje er utført ved båtbyggeriet på Stord. Opphaldet i Nord-Noreg blei kortvarig ettersom smelteverket gjekk over ende i 1924 etter berre eit par års drift. No gjekk ferda sørover til ein annan industristad, Odda, som skulle bli Tysso si heimehamn i vel 60 år.Her var industrien alt godt etablert med smelteverk i Odda og aluminiumsfabrikk i Tyssedal, i 1929 kom det også ein sinkfabrikk til. Tysso som på dette tidspunktet bar namnet Aluminium skulle vera tilgjengeleg for alle dei store verksemdene i industribyen, men det var DNN Aluminium som hadde det daglege driftsansvaret for båten. Det årvisse vedlikehaldsopphaldet på Stord kom i stand på denne tida og varte ved så lenge båten høyrde til i Odda. I 1949 overtok A/S Tyssefaldene drifts- og eigaransvaret. Dei moderniserte båten som no fekk namnet Tysso.
Då Tysso hamna i Hardanger var det togsamband mellom Voss og Granvin. Derimot var det ikkje vegsamband mellom Granvin og Odda, og sjøvegen var såleis greiast når ein skulle reisa mellom stasjonsbygda og industribyen. Her var det Tysso fekk si rolle som transportmiddel for direktørar, styremedlemmer og andre viktige personar som vitja dei store industriverksemdene inst i Sørfjorden. Tysso var eit kjend syn på fjorden. Dar fere dei store hermar Gunnar Oma etter ein utflytta sørfjording. Båten gjekkikkje i noko fast rute, men blei tinga når eit viktig besøk var i vente. Mannskapet talte to mann, maskinist og ein skipper som også fungerte som sjåfør for direktøren. Standarden om bord skulle alltid vera førsteklasses. Mannskapet fekk såleis melding om turane i god tid på førehand, slik at dei fekk høve pussa messingen og elles klargjera båten for oppdraget. I Tyssedal hadde Tysso fast plass under tak i ein ”båtgarasje”. Denne verna båten mot både sol og regn og gjorde nok sitt til at det var råd å halda direktørstandard gjennom så mange år. I Granvin hadde Tysso eigen kai med tilhøyrande telefonapparat i kaibua. Når passasjerane var vel om bord serverte maskinisten frukost eller kveldsmat som var tillaga på hotellet i Tyssedal. Resten av turen kunne dei kosa seg med maten, foreta morgon- eller kveldstoalett, lesa møtepapir eller berre nyta utsikten frå salong eller cockpit. Etter kvar tur førte skipperen inn i loggboka kven han hadde henta eller levert. Nøkternt noterte han også vêrobservasjonar og data som gjaldt drifta av båten.
”Dette vet dere best”
Under dei årvisse vedlikehaldsopphalda på Stord blei Tysso gjennomgått frå kjøl til mastetopp. Bestillinga frå eigaren var grei; ”gjør det som dere finner nødvendig”. For Oma Baatbyggeri, som var vande med kundar som snudde på krona og eigentleg ikkje hadde råd til å betala for arbeidet, var dette uvante tonar. Vedlikehaldet av Tysso var eit sikkert og godt betalt oppdrag, og dei gjorde difor det dei kunne for å syna seg tilliten verdig fortel Gunnar Oma. Det var i det heile tatt noko særleg med Tysso framhevar han, ikkje minst på grunn av ”stylen” om bord. Ingen ting her føregjekk på slump, særleg ikkje i den tid skipper Skarde rådde. I hans tid blei alle puter dekka til med lerret og dørken kledd med papp, før han slapp arbeidsfolka om bord. For at ikkje sol eller regn skulle vera til sjenanse blei det strekt eit fasongsydd solsegl over båten i arbeidsperioden. Det årvisse vedlikehaldet omfatta lakking og maling, vidare gjekk dei over ishuda for å sjekka om noko var laust. For å kontrollera natane dreiv dei litt og sette gjerne inn ein rustfri skrue der det var påkrevd. Arbeidet vart vanlegvis gjennomført i løpet av eit par veker.
Større utbetringar var aldri naudsynt så lenge dei hadde denne årvisse kontrollen med båten. Sjølv då Tysso grunnstøytte ein gong på 1950-talet var det ikkje naudsynt med dei store tiltaka. At det gjekk så pass som det gjorde skuldast nok mest at båten trefte ei hylle og ikkje steile fjellveggen. Her blei han hengandeinntil Bjergingskompaniet var på pletten og fekk slått ei presenning rundt forskipet. Havaristen blei så frakta til Stord. Eigarane trudde no at Tysso hadde gjort si siste reis og bad båtbyggeriet om å fjerna maskin og anna utstyr av verdi. Det som synte seg var at skadane faktisk var minimale, rett nok hadde fleire kjølboltar slitna slik at fremste delen av kjølen hadde sige ned, men å reparera dette var ingen større operasjon seier Gunnar Oma. I følgje han var det ikkje grunnstøytinga, men Bjergingskompaniet som hadde påført båten dei største såra, dette ettersom dei hadde skamspikra huda med svære spikrar og boltar då dei festa presenninga.
Då A/S Tyssefaldene overtok Tysso i 1949 ville dei rusta båten opp, og då bad dei sjølvsagt Oma Baatyggeri om å stå for arbeidet. Mahognibuffetane som hadde stått i salongen frå båten var ny blei no kasta ut for å gje plass til nye og større sitjebenker. Likeeins gjekk det med koksomnen som blei erstatta med moderne sentralvarme. Dei nye eigarane ville også ha inn ein meir moderne motor,vurdering av type, styrke og pris overlèt dei til båtbyggeriet .”Dette vet dere best” var meldinga frå Tyssefaldene. Valet falt på ein Penta-Hesselman maskin som stod i heilt inntil den i 1974 måtte vika for Cummings-maskina som står om bord i dag.
Tysso hadde lenge ein lettbåt som Gunnar Oma hugsar som ”ein stor kvit slamp”. Tidleg på 60-talet blei slampen erstatta med den nette mahognibåten som står på salongtaket i dag. Det var Ola Oma sjølv som stod for nybygget,han var då over 80 år gamal og dette blei den siste båten hans.
Nye tider
Ved A/S Tyssefaldene stod tradisjonane sterkt så lenge direktør Stig Hysing rådde. Det var nok mykje på grunn av Hysing at verksemda heldt seg med eigen skyssbåt heilt fram til 1987. På dette tidspunktet hadde det vore veg mellom Odda og Granvin i fleire tiår og banen mellom Voss og Granvin var nedlagt. Såleis var det nok vanskeleg å forklara dei unge funksjonærane kva nytte verksemda hadde av den gamle båten. I denne situasjonen ville Hysing gjerne sikra at båten kom i trygge hender og kva var vel meir naturleg enn å tilby Tysso til det verftet som hadde stått for bygginga og sidan vedlikehaldet gjennom alle år. Dette var bakgrunnen for at Oma Baatbyggeri overtok Tyssoden 1. juli 1987. Prisen skal ha vore rimeleg og i overdragelsesbrevet heiter det: ”Ved avhendelse av båten vil vi gjerne understreke det gode samarbeidet med dem gjennom mange år”. Også Gunnar Oma framhevar det spesielle forholdet som hadde utvikla seg mellom verft og oppdragsgjevar. Her var det ikkje berre snakk om økonomi, men også om eit personleg tillitsforhold som hadde utvikla seg over to generasjonar.
Gunnar fortel at han og broren Trygve hadde mange fine turar med Tysso etter at dei overtok, men dei hadde og mykje arbeid med ein båt som no verkeleg byrja å dra på åra. Sjølv var dei heller ingen ungdomar lenger og i 1995 kom dei to til at det var på tide å overlata Tysso til yngre krefter. Ei gruppe båtinteresserte i Norheimsund gjekk no saman om å kjøpa båten for å bruka den i reiselivssamanheng. Sidan den tid har båten teke oppdrag med utgangspunkt i Norheimsund.Sommaren 2002 vende Tysso attende til dei gamle farvatna sine i Indre Hardanger for å gå med turistar mellom Odda og museet i Tyssedal.Industriverksemdene i Odda dekka driftskostnadane som ei handsrekning til museet og tilbodet vart ein suksess med over 5000 passasjerar i løpet av sommaren.
Kva no?
Det er vanskelig å spå framtida for M/Y Tysso. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum har kjøpt båten med hjelp av lån og ei raus gåve frå Boliden Odda AS og Sparebankstiftelsen DnB NOR.Båten vil ha vinteropplag i Norheimsund med tilsyn frå Hardanger Fartøyvernsenter.
M/Y Tysso er komen heim. Kva framtida bringer veit ein ikkje enno, men ein veit at båten har gode vener og ein håpar at det vert etablert ei venegruppe i Museumslaget som kan vera med å sikre framtida for båten.
Arbeidet med istandsetjing og oppgradering av båten er i gang. Lystyachten frå 1917 treng restaurering for om lag 2 millionar.
Kjelder
Intervju med Gunnar Oma, 10.03.03 og 10.04.03
Gøthesen, Gøthe: Litt om bygging av motorbåter i Norge . Årbok for Norsk Sjøfartsmuseum 1994, Oslo 1995.
Hovuddata MY Tysso
Lengd: 58 fot (18,25 meter)
Kallesignal: LHXW
Byggjeår: 1917
Båtbyggeri: Oma Baatbyggeri, Stord
Maskin: Opphavleg Van Blerck, deretter to maskinar av ukjent merke
1949: Penta Hesselman
1974: Cummins NH 250
Tidlegare namn: Aluminium
Eigar: TyssoA/S
Viktige årstal:
1917 – ca. 1920: Konsul Christian Magnus Kjær, Bergen
ca. 1920 – 1924: Glomfjord Smelteverk (forlenga styrehus)
1924 – 1949: Sameige mellom dei store industriverksemdene i Odda. DNN Aluminium hadde driftsansvaret (Aluminium)
1949:A/S Tyssefaldene (Tysso). Ny maskin. Modernisert innreiing
1987 – 1995: Oma Baatbyggeri, Stord
1995 – :TyssoA/S, Norheimsund
Byggjematerial: svøydde spant i eik, furu i hud og mahogni i hyttesider, styrehus m.m.
Artikkel av Gunnar Furre. Har vore på trykk i Hardangerjol 2004 og Fartøyvern nr 7. 2003.